
======================================================================
LibreOffice 4.1 ReadMe
======================================================================


For dei siste oppdateringane av denne fila, sjå http://www.libreoffice.org/welcome/readme.html

Denne fila inneheld viktig informasjon om LibreOffice. Det blir rådd til å lese denne informasjonen nøye før installasjon.

Miljøet rundt LibreOffice er ansvarleg for utviklinga av dette produktet og inviterer deg til å bli ein del av samarbeidet som bidragsytar. Er du ein ny brukar,  kan du besøke nettstaden til LibreOffice. Der vil du finne masse informasjon om prosjektet LibreOffice og miljøet rundt det. Besøk http://www.libreoffice.org/.

Er LibreOffice verkeleg gratis for alle?
----------------------------------------------------------------------

LibreOffice er gratis å bruke for alle. Du kan installere dette eksemplaret av LibreOffice på så mange datamaskiner du vil, og bruke det til kva du vil (gjeld også bruk i det offentlege, i næringslivet og innan utdanning). Du kan lese meir om vilkåra i lisensteksten som følgjer med LibreOffice eller på http://www.openoffice.org/license.html

Kvifor er LibreOffice gratis for alle?
----------------------------------------------------------------------

Denne kopien av LibreOffice kan brukast gratis fordi individuelle bidragsytarar og korporative sponsorar har laga, utvikla, testa, omsett, dokumentert, støtta, marknadsført og hjelpt til på mange andre måtar for å gjere LibreOffice til det er i dag - verdas leiande Open kjeldekode-produktivitetgruppevare for heim og kontor.

Dersom du verdset innsatsen deira og vil syte for at LibreOffice held fram med å vere tilgjengeleg langt inn i framtida, kan du vurdere å bidra til prosjektet. For nærare informasjon: http://www.documentfoundation.org/contribution/. Alle kan bidra med noko.

----------------------------------------------------------------------
Merknader om installasjonen
----------------------------------------------------------------------

LibreOffice bruker ein nyare versjon av Java køyretidsmiljø (JRE) for å kunne ta i bruk alle funksjonane. JRE er ikkje ein del av installasjonspakka for  LibreOffice og må difor installerast ekstra.

Systemkrav
----------------------------------------------------------------------

Vi tilrår å bruke installasjonverktøya i Linux-distribusjonen for å installere LibreOffice (som programvaresenteret i Ubuntu Linux.) Dette er normalt den enklaste måten å få ein installasjon som er optimalisert med tanke på integrasjon i systemet. LibreOffice kan også vere installert som standard.

Dette «frittståande» installasjonverktøyet for LibreOffice er laga for brukarar med behov for førehandsvisingar, med spesielle behov og i spesielle tilfelle.

* Versjon 2.6.18 eller nyare av Linux-kjernen
* glibc2 versjon 2.5 eller nyare;
* Versjon 2.10.4 eller nyare av gtk
* Pentium-kompatibel PC (Pentium III eller Athlon blir tilrådd);
* 256 MB RAM (512 MB RAM blir tilrådd);
* Opp til 1,55 GB ledig harddiskplass;
* X-tenar med ei oppløysing på 1024 x 768 (høgare oppløysing tilrådd), med minst 256 fargar;
* Gnome 2.16 eller nyare, med pakkene gail 1.8.6 og at-spi 1.7 (krevst for å støtte tilgjengeverktøy [AT] ), eller andre kompatible GUI (som KDE, med fleire.)

Det finst mange Linux-distribusjonar, og installasjonalternativa kan variere hos dei ulike leverandørane (KDE kontra GNOME osv). Ein del distribusjonar kjem med deira «eigen versjon» av LibreOffice, som kan vere ulik den versjonen miljøet gir ut. I mange tilfelle kan både versjonen av LibreOffice frå miljøet og den frå distribusjonen bli installerte side om side, men det kan hende at det er ønskjeleg eller nødvendig å fjerne versjonen som følgde med distribusjonen før installasjon. For detaljert informasjon om korleis dette kan gjerast, kontroller brukarrettleiinga frå Linux-leverandøren.

Du bør alltid ta ein reservekopi av systemet før du fjernar eller installerer programvare.

Kontroller at det er nok tilgjengeleg minne i mappa for mellomlagring i operativsystemet og at du har lese-, skrive- og køyrerettar på denne mappa. Lukk alle andre program før du starter installasjonen.

Installasjon av LibreOffice på Debian/Ubuntu-baserte Linux-system
----------------------------------------------------------------------

Les avsnittet med namnet «installera e språkpakke» nedanfor for å sjå korleis du kan installera ei lokal språkpakke (etter å ha installert US-engelsk-versjonen av LibreOffice).

Når du pakkar ut nedlastinga vil du sjå at innhaldet er fordelt på undermapper. Opna filhandteraren og byt til undermappa kalla «LibreOffice_» etterfylgd av versjonsnummeret og informasjon om kva plattform installeringa er laga for.

Denne mappa inneheld ei undermappe med namnet «DEBS». Bytt til denne mappa.

Høgreklikk i mappa og vel «Opna i terminal». Eit terminalvindauge kjem fram. Frå kommandolinja i terminalvindauget, skriv den følgjande kommandoen (du blir beden om å oppgi passordet til superbrukar/administrator før køyring av kommandoen):

Denne kommandoen vil installera LibreOffice og skrivebordsintegrasjonen. (Du kan enklast kopiera og lime inn kommandoen i vindauget i staden for å skrive den inn manuelt):

sudo dpkg -i *.deb

Installasjonprosessen er nå fullført, og ikon for alle programma i LibreOffice skal vera tilgjengelege i  program-/kontormenyen på skrivebordet.

Installering av LibreOffice på Fedora, openSUSE, Mandriva og andre Linux-system ved hjelp av RPM-pakker.
----------------------------------------------------------------------

Les avsnittet med namnet «installera e språkpakke» nedanfor for å sjå korleis du kan installera ei lokal språkpakke (etter å ha installert US-engelsk-versjonen av LibreOffice).

Når du pakkar ut nedlastinga vil du sjå at innhaldet er fordelt på undermapper. Opna filhandteraren og byt til undermappa kalla «LibreOffice_» etterfylgd av versjonsnummeret og informasjon om kva plattform installeringa er laga for.

Denne mappa inneheld ei undermappe kalla «RPMS». Bytt til denne mappa.

Høgreklikk i mappa og vel «Opna i terminal». Eit terminalvindauge kjem fram. Frå kommandolinja i terminalvindauget, skriv den følgjande kommandoen (du blir beden om å oppgi passordet til superbrukar/administrator før køyring av kommandoen):

For Fedora-baserte system: su -c 'yum install *.rpm'

For Mandriva-baserte system: su -c urpmi *.rpm

For andre RPM-baserte system (openSuse osv.): rpm -Uvh *.rpm

Installasjonprosessen er nå fullført, og ikon for alle programma i LibreOffice skal vera tilgjengelege i  program-/kontormenyen på skrivebordet.

Alternativt kan du bruka install-skriptet som du finn i den øvste mappa i dette arkivet for å installera programmet som ein brukar. Skriptet vil setje opp ein eigen profil for denne installasjonen av LibreOffice, skild frå den normale LibreOffice-profilen.

Merknader for skrivebordintegrasjon i Linux-distribusjonar som ikkje er dekka i installasjonsrettleiinga over
----------------------------------------------------------------------

Det er tolleg enkelt å installere LibreOffice på andre Linux-distribusjonar som ikkje blir dekka av installasjonsrettleiinga. Integrasjonen av programvaren på skrivebordet kan variere.

The RPMS (or DEBS, respectively) directory also contains a package named libreoffice4.1-freedesktop-menus-4.1.0-3.noarch.rpm (or libreoffice4.1-debian-menus_4.1.0-3_all.deb, respectively, or similar). This is a package for all Linux distributions that support the Freedesktop.org specifications/recommendations (http://en.wikipedia.org/wiki/Freedesktop.org), and is provided for installation on other Linux distributions not covered in the aforementioned instructions.

Å installere ei språkpakke
----------------------------------------------------------------------

Last ned språkpakka for det ønskte språket og den ønskte plattforma. Dei er tilgjengelege frå den same staden som standardinstallasjonen. Frå filhandteraren, pakk ut det nedlasta arkivet i ei mappe (for eksempel skrivebordet.) Syt for at du har avslutta alle program i LibreOffice (inkludert snarstartaren dersom denne er aktiv.)

Bytt til mappa der den nedlasta språkpakka blei pakket ut.

Opna nå mappa som blei oppretta under utpakkinga. For eksempel vil mappa med norsk språkpakke for eit 32-bit Debian/Ubuntu-basert system ha namnet LibreOffice_ med versjonsnummer og Linux_x86_langpack-deb_nn. 

Byt nå til mappa som inneheld pakkene som skal installerast. På Debian/Ubuntu-baserte system vil katalogen heite DEBS. På Fedora-, openSUSE- og Mandriva-baserte system vil kataloge heite RPMS.

Frå filhandteraren, høgreklikk i mappa og vel kommandoen «Opna i terminal». I terminalvindauget, køyr kommandoen for å installere språkpakkene (kommandoane under vil kanskje kreve passordet til superbrukar):

For Debian/Ubuntu-baserte system: sudo dpkg -i *.deb

For Fedora-baserte system: su -c 'yum install *.rpm'

For Mandriva-baserte system: su -c urpmi *.rpm

For andre RPM-baserte system (openSuse, osv.): rpm -Uvh *.rpm

Start opp eit av programma i LibreOffice, for eksempel Writer. Gå til menyen «Verktøy» og vel «Innstillingar». I dialogvindauget «Innstillingar», trykk på «Språkinnstillingar» og vel «Språk». Vel lista i rullegardinmenyen «Brukargrensesnittet» og språket som blei installert. Dersom det er ønskjeleg, gjer det same med «Lokale innstillingar», «Standard valuta» og «Standardspråk for dokument».

Etter å ha justert innstillingane, trykk på OK. Dialogvindauget vil bli lukka og ei melding om at innstillingane vil bli aktiverte ved neste oppstart av LibreOffice blir vist. Start programmet på nytt (hugs også å lukke snarstart.)

Neste gang LibreOffice starter, vil det starte i det språket du nettopp installerte.

----------------------------------------------------------------------
Problem ved programoppstart
----------------------------------------------------------------------

Problem med å starte LibreOffice (f.eks. program som heng seg opp), så vel som problem med skjermvisinga kjem ofte av problem med skjermkortet. Dersom desse problema dukkar opp, kan du prøve å oppdatere skjermkort-drivaren, eller prøve å bruke skjermkort-drivaren som blei levert med operativsystemet. Problem med å vise 3D-objekt kan ofte løysast ved å fjerne avkryssinga for «Bruk maskinvareakselerasjon» under «Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Vis → Biletvising».

----------------------------------------------------------------------
Snartastar
----------------------------------------------------------------------

Berre snartastar (tastekombinasjonar) som ikkje er brukt i operativsystemet kan bli brukte i LibreOffice. Dersom ein tastekombinasjon i LibreOffice ikkje verkar som det står i hjelptekstane, sjå etter om snartastane er i bruk av operativsystemet. For å løyse slike konfliktar, kan du endre tastetilordningane i operativsystemet. Du kan også endre nesten alle tastekombinasjonane i LibreOffice. For meir informasjon om dette emnet, sjå hjelpa i LibreOffice eller dokumentasjonen for operativsystemet.

----------------------------------------------------------------------
Fillåsing
----------------------------------------------------------------------

Låsing av filer er slått på som standard i  LibreOffice. På eit nettverk som bruker Network File System protocol (NFS), må låsetenesta NFS-klientar vere aktivert. For å slå av fillåsing, rediger skriptet soffice og endra linja «export SAL_ENABLE_FILE_LOCKING» til «# export SAL_ENABLE_FILE_LOCKING». Dersom låsing av filer er slått av, vil skrivetilgangen ikkje bli avgrensa til den første brukaren som opnar dokumentet.

Åtvaring: Dersom du skrur på fillåsings-funksjonen kan du få problem viss Solaris 2.5.1 eller 2.7 blir brukte saman med Linux NFS 2.0. Dersom systemmiljøet har desse parametra, blir det stertk tilrådd at du unngår å bruke fillåsing. Elles vil LibreOffice henge når du prøver å opne ei fil frå ei NFS-mappe på ein Linux-maskin.

----------------------------------------------------------------------
Grafisk yting
----------------------------------------------------------------------

Som standard favoriserer LibreOffice god utsjånad på grafikken framføre fart. Dersom den grafiske ytinga er dårleg, slå av «Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Bruk kantutjamning».

----------------------------------------------------------------------
Viktig informasjon om tilgjenge
----------------------------------------------------------------------

For meir informasjon om tilgjengestøtte i LibreOffice, sjå http://www.libreoffice.org/accessibility/

----------------------------------------------------------------------
Brukarstøtte
----------------------------------------------------------------------

I hovudsida for brukarstøtte, http://www.libreoffice.org/support/, kan du finne mykje hhjelp for  LibreOffice. Kanskje er spørsmålet ditt alt svart på i forumet på http://www.documentfoundation.org/nabble/ eller du kan søke i arkivet til e-postlista «users@libreoffice.org» på http://www.libreoffice.org/lists/users/. Finn du ikkje svaret der heller, kan du sende spørsmålet til users@libreoffice.org. Dersom du vil abonnere på lista (for å få tilbakemeldingar på e-post), send ein tom e-post til: users+subscribe@libreoffice.org.

Les også vår OSS på http://www.libreoffice.org/faq/.

----------------------------------------------------------------------
Rapporter inn feil & problem
----------------------------------------------------------------------

Systemet for rapportering, sporing og løysing av feil er akkurat nå BugZilla som ligg på https://bugs.freedesktop.org/. Vi oppfordrer alle brukarane til å rapportere feil som måtte dukke opp på den plattforma dei bruker. Energisk feilrapportering er eit av dei mest verdifulle bidraga brukarmiljøet kjem med i høve til den stadig pågåande utviklinga og forbetringa av LibreOffice.

----------------------------------------------------------------------
Bli involvert
----------------------------------------------------------------------

LibreOffice-miljøet vil ha stor hjelp av at du deltar aktivt i utviklinga av dette viktige fri programvare-prosjektet.

Som brukar er du alt ein verdifull del av utviklingsprosessen og vi vil oppmuntre deg til å ta ei aktiv rolle som bidragsytar i miljøet. Bli med og les meir på sida for bidragsytarar http://www.libreoffi ce.org/contribution/

Korleis kome i gang
----------------------------------------------------------------------

Denne beste måten å bidra på er å abonnere på ei eller fleire av e-postlistene, følj med ei stund og ta gradvis i bruk e-postarkiva for å gjere deg kjend med mange av dei tema som er dekka etter at kjeldekoden til LibreOffice blei gjort tilgjengeleg i oktober 2000. Når du føler deg klar, treng du berre å sende ein e-post der du introduserer deg sjølv og hoppe i det. Kjenner du Open kjeldekode-prosjekta frå før, ta ein kikk på lista over oppgåver på http://www.libreoffice.org/develop/ og sjå om det er noko du kan hjelpe til med.

Abonner
----------------------------------------------------------------------

Her er nokre av e-postlistene du kan abonnere på http://www.libreoffice.org/contribution/

* Nyhende: announce@documentfoundation.org *tilrådd for alle brukarar* (liten trafikk)
* Hovudliste for brukarar: users@libreoffice.org *enkelt å følgje med på diskusjonar* (mykje trafikk)
* Marknadsføringprosjekt: marketing@libreoffice.org *utover utvikling* (byrjar å bli tung)
* Generell utviklarliste: libreoffice@lists.freedesktop.org (høg trafikk)

Bli med i eit eller fleire prosjekt
----------------------------------------------------------------------

Du kan gjøre mykje for prosjektet sjølv om du ikkje har erfaring med programvareutvikling og programmering. Ja, nettopp du!

Vi håper du har glede av å arbeide med LibreOffice 4.1 og at vi snart møter deg på nettet.

LibreOffice-miljøet

----------------------------------------------------------------------
Brukt/endra kjeldekode
----------------------------------------------------------------------

Portions Copyright 1998, 1999 James Clark. Portions Copyright 1996, 1998 Netscape Communications Corporation.